N-ro 5/2009 21a jaro (2a periodo) Redaktis Leif Arne Storset Muntis Judith P. Abrahamsen |
I det siste har det vore stor aktivitet i Oslo, så i dette
nummeret får du høyra mykje om aktivistane der og det dei gjer på.
Les om både seminar og hyttetur!
Elles er det verdt å merkja seg at det snart er tid for nyttårsleir igjen.
Kom på det du kan – om ikkje alt har hendt når du får dette i handa…
Leif Arne Storset,
redaktør
Hausten i Oslo ser ut til å verta svært aktiv! Studentenes esperantoforening hadde generalforsamling 5. oktober og valde det største styret på 20 år. Dette styret skal arrangera hyttetur med leik og intensivkurs helga 30. oktober–1. november. Hytteturen skal vera i Oslomarka ein stad, og det er snakk om både Scrabble på esperanto og Homlupo (esperantoutgåva av Mafia) der ute i skogen.
Når du les dette er hytteturen sannsynlegvis alt over, men ikkje ver redd! Det er meir på lager i november, då Studentenes esperantoforening, Norsk klassisk studenterforening og NJE arrangerer språkseminar på Universitetet i Oslo. Dato og tema er ikkje heilt spikra enno, men at det kjem til å ha med esperanto, gresk, latin og norsk å gjera, det er ganske sikkert…
Leif Arne
Har du lyst ut og reisa i esperantoland? Junulara Esperanto-Semajno (JES) er eit heitt tips.
Feiringa går føre seg 26. desember–3. januar i Zakopane i Polen, og er ei samanslåing av Internacia Seminario i Tyskland og Ago-Semajno i Aust-europa. Eg har sjølv hatt det kjempegøy her! (Sjå IND 1/2008 og 1/2009.)
Zakopane er ein sjarmerande liten by med flott arkitektur, og nyttårsfesten er ei fin blanding av velorganisert og spontan. Nettsidene er ikkje oppe enno, men du kan senda e-post til Irek Bobrzak – viavento @ onet.eu.
Desse bileta er frå Internacia Seminario der eg deltok.
© Øverli. distr. strandoverli@yahoo.com –– La Pondusarĥivo
N-ro 18
Malan aĵon foje montras la aĵo mem
Mikronovelo de Alberto Chimal. El libro «Grey» (2006)
Tradukis Manuel García Jurado Taracena (2009).
Hostio bruligas lian langon: ĉiufoje la sama terura doloro, preskaŭ nekaŝebla, sed li tion kaŝas. Li sanigas sian buŝon kun rapideco kaj insistas pri siaj krimoj, pri sia mokado de naiveco, pri sia subtenado de sufero kaj angoro. Li estas supera, al aliaj homoj: li scias, ke mirakloj ja ekzistas.
http://www.flickr.com/people/twostoutmonks/
La venonta Inter ni dirite havas limdaton la 27an de novembro.
Sendu vian kontribuaĵon al: nje @ esperanto.no
— Fino de Inter Ni Dirite —