skipa 2. juni 1979
Sist reviderte av landsmøtet i NJE 13. juni 2009.
Namnet til organisasjonen er på norsk «Norsk esperantoungdom» og på esperanto «Norvega Junularo Esperantista» (NJE).
Norsk esperantoungdom er ungdomsseksjonen til Norsk Esperanto-Forbund.
Formålet til Norsk esperantoungdom er å breie ut det internasjonale språket esperanto og kjennskapen til det mellom ungdom i Noreg. Norsk esperantoungdom skal leggje til rette for samordning av aktivitetar for ungdomsesperantistar.
Norsk esperantoungdom er nøytral i spørsmål som gjeld partipolitikk, ideologiar og livssyn generelt. Unnatekne er språkproblema på internasjonalt plan. Denne nøytraliteten bind ikkje dei einskilde medlemmene, og medlemmene si stilling i slike spørsmål påverkar ikkje Norsk esperantoungdom.
Norsk esperantoungdom kan vere med på arrangement og kampanjar som er i samsvar med den «indre ideen» til esperantorørsla: å fremje menneskeverd og likestilling, fred, forbrødring og forståing mellom dei ulike folkeslaga i verda.
Under den same føresetnaden kan Norsk esperantoungdom samarbeide med kva personar, institusjonar og organisasjonar som helst om å fremje formålet til Norsk esperantoungdom utan at det påverkar den nøytrale stillinga til organisasjonen.
Norsk esperantoungdom er sett saman av ordinære medlemmer og støttemedlemmer.
Personar som er medlemmer av Norsk Esperanto-Forbund, og som samstundes kjem inn under den aldersgrensa som er fastsett i Ĝenerala Regularo de Tutmonda Esperantista Junulara Organizo, er ordinære medlemmer av Norsk esperantoungdom. Medlemmer som har tillitsverv i Norsk esperantoungdom kan vere eldre, men dei skal ikkje vere over aldersgrensa det året dei blir valde.
Personar i alle aldrar, og organisasjonar og institusjonar som støttar Norsk esperantoungdom økonomisk, kan bli støttemedlemmer ved å betale fastsett kontingent. For organisasjonar og institusjonar må styret i tillegg godkjenne medlemskapen. Landsmøtet kan overprøve vedtaket til styret. Avgjerd blir da teken med absolutt fleirtal.
Ordinære medlemmer kan slutte seg saman i lokallag. Nye lag skal godkjennast av styret i Norsk esperantoungdom. Desse laga bør sende inn årlege rapportar til Norsk esperantoungdom over verksemda si. Etter avtale kan Norsk esperantoungdom betale driftsstøtte til lokallaget etter medlemstal, slik at medlemmene ikkje treng å melda seg inn i båe organisasjonar.
Blir eit lokallag oppløyst, går eiga til Norsk esperantoungdom. Blir det oppretta eit nytt lokallag på staden innan 5 år, kan styret gi eiga frå førre lag med renter attende til laget.
Ordinære medlemmer trer automatisk ut av Norsk esperantoungdom ved utgangen av det kalenderåret dei kjem over aldersgrensa, eller når dei trer ut av Norsk Esperanto-Forbund.
Støttemedlemmer trer ut av Norsk esperantoungdom ved å sende skriftleg utmelding til Norsk esperantoungdom. Dersom ein støttemedlem ikkje betaler kontingent, reknar ein han for utmeld.
Ordinære medlemmer betaler kontingent til Norsk Esperanto-Forbund etter reglane til forbundet.
Støttemedlemmer betaler kontingent til Norsk esperantoungdom, som fastset han.
Styret til Norsk esperantoungdom er sett saman av minst leiar, nestleiar, sekretær og kasserar. Styret kan ha inntil 3 styremedlemmer i tillegg til desse. Styret bør ha minst éin varamedlem.
Styret held minst to styremøte i året.
Styret er vedtaksført når minst halvparten av styremedlemmene er til stades og røyster.
Landsmøte blir halde minst annakvart år. Omframt landsmøte blir halde når styret finn det naudsynt, eller når minst 1/5 av medlemmene krev det skriftleg. Innkalling til landsmøte skal ein sende til medlemmene minst ein månad i førevegen.
Landsmøte skal ha føre godkjenning av innkalling, val av møteleiar og referent, rapport over verksemd og økonomi sidan førre landsmøte, lovframlegg og andre framlegg, val av styre, revisor, vararevisor, valnemnd med minst to personar, og to personar til å skriva under protokollen.
Ved landsmøtet har kvar ordinær medlem éi røyst. Ein ordinær medlem som ikkje er til stades, kan ved skriftleg fullmakt bli representert ved ein frammøtt medlem. Ingen kan med fullmakter pluss eiga røyst avgi fleire røyster enn det som svarar til 1/5 av dei avgidde røystene.
Alle val og voteringar, utanom dei som blir førehavde i §§ 13 og 14, avgjer ein ved absolutt fleirtal. Ved likt røystetal gjer ein nytt val eller ny votering. Dersom det ved val blir likt røystetal igjen, trekkjer ein lodd. Ved andre voteringar enn val vil ein ved andre gongs likt røystetal halde fast ved gammal ordning.
Val og voteringar går føre seg skriftleg dersom minst éin medlem krev det.
Styret skal seinast 1. februar gi rekneskapen og protokollar til revisoren. Revisorfråsegna skal liggje føre seinast 1. mars. Revisoren og vararevisoren skal ikkje sitje i styret.
Organet til Norsk esperantoungdom er Inter Ni Dirite.
Styret i Norsk esperantoungdom tilset redaktør.
Endringar i vedtektene kan berre skje på landsmøte med 2/3 fleirtal. Framlegg til endringar må ein sende til styret seinast fire månader før landsmøtet. Styret skal senda endringsframlegg til medlemmene saman med innkallinga til landsmøtet.
Oppløysing av Norsk esperantoungdom kan berre skje på landsmøte med 2/3 fleirtal. Ved oppløysing skal eventuelle midlar gå til Norsk Esperanto-Forbund og brukast i samsvar med formålet til Norsk esperantoungdom.
Vedtektene til Norsk esperantoungdom skal finnast både på nynorsk, esperanto og bokmål. Nynorskteksten er den grunnleggjande, og skal leggjast til grunn i tolkingsspørsmål.