Dei fleste bøker og hefte, ca. 4 000 titlar – og ei stor samling med tidsskrift frå heile verda – har vi sendt til Nasjonalbiblioteket (Depotbiblioteket i Mo i Rana).
Det er mogleg å søkje etter dei i Oria-katalogen til Bibsys via denne lenka.
Dette er vesentleg gamalt materiale, for det er sjeldan vi har midlar til å kjøpe nye bøker.
Desse bøkene kan ein låne gratis, ved å tinga dei via offentleg bibliotek.
I boksamlinga vår i Esperantonia i Oslo er det mange bøker vi har meir enn eit eksemplar av. Desse dublettane kan NELs medlemmer no kjøpe for kr 20 pr. stk + ev. porto. Bøker som har færre enn 50 sider vert selt for kr 5 pr. stk. Her er listene over tilgjengelege bøker:
Beletro (skjønnlitteratur)
Faklibroj (fagbøker)
Libroj pri Esperanto (bøker om esperanto)
For å spørje om dei eller låne/tinge, vend deg til kontoret vårt.