Virtuelt landsmøte 2021

apr. 10, 2021

5. og 6. juni arrangerer Norsk Esperanto-Forbund sitt første virtuelle landsmøte. Denne gongen møtest me ikkje fysisk, men i møteprogrammet Zoom. På den eine sida er det trist å ikkje møtast og nyte det sosiale samveret som til vanleg er ein viktig del av landsmøta. På den andre sida håpar me endå fleire kan vere med når ein ikkje treng betale for reise og opphald ei heil helg.

Møta går frå 14.00 til (maksimalt) 17.00 både laurdag og sundag. Laurdag kveld blir det sosialt samver frå kl. 19.00. Deltakinga er gratis for medlemer og påmeldinga skjer ved å sende ei e-postmelding til <oficejo (a) esperanto.no> innan 2. juli 2021.

Meir informasjon og dokument finn du på denne sida.

[Baard Hekland]

Norsk | Esperanto