Ordboksarbeidet i Trondheim

av Jardar Eggesbø Abrahamsen

(Denne artikkelen kom ut på esperanto i bladet Norvega Esperantisto nr. 1, 2000.)

Mange utolmodige menneske har spurt esperantistane i Trondheim om kva tid den nye norsk-esperanto-ordboka vert ferdig. Her vil eg forklåra litt om ordboksarbeidet, særleg kvifor ordboka ikkje vert ferdig neste veke, og kvifor det ikkje er nokon god idé å dela ut det noverande materialet.

Ordbokspionerane

I 1932 kom Norsk-esperanto ordbok av Ragnvald Rian ut, og i 1948 Esperanto-norsk ordbok med den same redaktøren. Boka frå 1932 vart med tida utseld, og saman med Erling Anker Haugen redigerte Rian ei ny og oppdatert utgåve av Norsk-esperanto ordbok. Den nye utgåva kom i 1963.

Både Rian og Haugen var medlemer i Grupo Esperantista de Trondheim (GET). Heilt frå fyrste augneblink etter at 1963-manuskriptet var ferdig, noterte Haugen seg ord og uttrykk som han fann i aviser og andre tidsskrift på esperanto, men som ikkje fanst i 1963-ordboka. Haugen noterte seg slikt spesielt med tanke på ei framtidig tredje utgåve.

Fyrst og fremst noterte han likevel ned orda ot uttrykka utan å vurdera om dei var høvelege for ei slik ordbok. Det viktigaste for han var å registrera det som han fann.

1990-1999

Ulf Lunde mot slutten av 1980-talet tok til orde for å føra ordmaterialet over til elektronisk format, presiserte den no aldrande Haugen sterkt at den nye ordboksgruppa laut vurdera for kvart einskilde ord om det var brukande i ordboka.

Agnar Tore Vaaje kom med i ordboksarbeidet i 1990. Før det hadde det vore møte der Nils Utne, Bernt Marius Johnsen og Erling Anker Haugen var mellom deltakarane. GET fekk pengar til datamaskin frå Rolf Uhlens legat i 1990, og ein byrja å skriva inn det nye ordtilfanget. Det vart laga ein database i DataEase, og ca. 23 000 nye ord vart lagde inn.

Etter inntastinga av dei nye orda vart det skipa til ei helgesamling heime hjå Vaaje, der klubbmedlemene skreiv inn ord frå den gamle ordboka. Dette arbeidet var likevel so omfattande at arbeidet meir eller mindre stilt vart liggjande stilt ei tid. Til slutt vart det vedteke å skanna sidene i den gamle ordboka, tolka teksten elektronisk, og leggja orda inn på ein datastruktor som kunne lesast av DataEase. Ester Olsen (frå Korgen) gjorde heile dette arbeidet.

Nils Utne har seinare laga ein ny database i Approach, og gjorde eit omfattande arbeid med både dei nye og dei gamle orda. Fram til berre dagar før han døydde i juli 1999, arbeidde Utne med korrekturlesing, typografi og struturering av databasen, eit arbeid som vil vera usynleg for brukarane av ordboka, men som er uvurderleg viktig for arbeidsgruppa på prosjektet.

Leiarar for ordboksarbeidet har vore og er Agnar Tore Vaaje (1990-1998), Knut Lyngstad (1999) og Herman Ranes (2000-).

I 1997 vende Jardar Eggesbø Abrahamsen seg på vegner av GET til redaksjonen til Bokmålsordboka og til styringsgruppa i prosjektet NorKompLeks. Han bad der om løyve til å ekserptera alle oppslagsorda frå materialet til Bokmålsordboka, og deretter samanlikna elektronisk ordtilfanget frå denne norske ordboka med ordtilfanget i Trondheims-databasen. I motsetnad til det originale materialet til Bokmålsordboka hadde NorKompLeks-materialet (som Abrahamsen sjølv hadde arbeidt med) fulle opplysningar om ordklassene til kvart einskilde ord, og elektronisk samanlikning ville dermed verta enklare.

GET fekk dette løyvet, og på eit klubbmøte same hausten presenterte Abrahamsen den teknologien som skulle brukast. Presentasjonen gav døme på handsaminga av bokstaven k. Ein fann ikkje berre ord som mangla i Trondhems-databasen. Ein fann jamvel ord som var i databasen, men som mangla i Bokmålsordboka. Eitt slikt ord er «kakeform».

Kva er no å gjera?

Fyrst skal GET no lesa korrektur på alle dei 70 000 ordartiklane i den noverande databasen. Fyrst etter denne korrekturlesinga vil det vera råd å samanlikna skikkeleg med materialet frå Bokmålsordboka.

Korrekturlesinga har fleire delar. Ein kontrollerer ikkje berre stavemåten til orda. Ein må òg kontrollera at dei nye orda til Haugen ikkje allereie finst i i 1963-utgåva av ordboka. Ein må kontrollera kvaliteten på ordartiklane, m.a. ved å slå opp ord for ord i Plena Ilustrita Vortaro og andre ordbøker, og gjennom faglege konsultasjonar ved terminologiske spørsmål (t.d. medisinsk terminologi, både latinsk og norsk). Viktig er òg den laupande kontrollen av ordklasseopplysningar i databasen. Desse opplysningane vert ikkje naudsynleg bruka i ordboka sjølv, men dei er særs viktige for den elektroniske samanlikninga med Bokmålsordboka.

Vidare er det naudsynt å kontrollera kvaliteten på omsetjingane i kvar einskilde ordartikkel. Dette handlar fyrst og fremst om å fjerna dårlege omsetjingar, og å velja ut dei orda som skal brukast i den nye ordboka. Denne delen av arbeidet vil verta gjord av dei speåkleg mest kompetente medlemene i GET.

Korrekturlesinga har allereie byrja. Gjennom ein heil laurdagsettermiddag i januar 2000 var det eit titals GET-medlemer som las gjennom nokre hundre ord. Ein kontrollerte då mesteparten av dei orda som på norsk byrjar på bokstaven b.

Etter utrekningane kan korrekturlesinga åleine gjeva arbeid til ein person på fulltid i eit heilt år.

Norsk | Esperanto