Ny norsk-esperanto ordbok undervegs

Av Kjell Heggvold Ullestad

Den siste norsk-esperanto ordboka kom ut i 1963 og har vore moden for avløysing i lang tid. No håpar Norsk Esperanto-Forbund (NEL) at ei ny elektronisk ordbok skal vera klar i løpet av ein treårsperiode. På sikt vil den nye ordboka òg koma ut i ei papirutgåve.

Det er NEL som er ansvarleg for dette prosjektet, men arbeidet er delegert til Trondheim Esperantoklubb (GET). Ved hjelp av legatmidlar har det vore mogleg å kjøpa fri ein person til å arbeida deltid med prosjektet.

Den nye ordboka blir omfangsrik med eit moderne ordforråd, såvel som nyttig fagterminologi. I alt er det nær 80 000 omsetjingar av ord og uttrykk i materialet

Lang veg

Vegen fram mot ei ny esperanto-ordbok har vore lang. Arbeidet har pågått i nær 20 år, men eigentleg starta historia om den nye ordboka endå tidlegare.

Norsk-esperanto ordbok frå 1963 blei utarbeidd av Erling Anker Haugen og Ragnvald Rian og blei utgjeven på Esperantoforlaget. Alt før ordboka kom ut tok Haugen til å samla ord og uttrykk han fann i esperanto-tidsskrift og annan litteratur, men som han og Rian ikkje hadde med i ordboka si. Desse noterte han sirleg på dei blanke sidene i ei spesialinnbunden utgåve. Dette arbeidet heldt han på med fram til han døydde, og resultatet var 24 000 handskrivne ord og uttrykk.

Haugen sin tanke var at desse notata skulle danna grunnlaget for ein seinare revisjon av ordboka, ein revisjon han tenkte å gjera sjølv. Men Haugen rakk aldri å gå i gang med revisjonen. I staden overrekte han materialet til ei gruppe unge eldsjeler i GET sist på 1980-talet. Dei gjekk i gang med arbeidet, som ikkje såg ut til å ha nokon ende, og bygde opp ein database på grunnlag av Haugen sine notat og innhaldet i ordboka frå 1963.

Stort materiale

I dag -- 15 år og eit utal dugnadstimar seinare -- har databasen nær 80 000 omsetjingar og kryssreferansar, og talet aukar stadig. Materialet har god dekning innan ei rekkje fagområde og det blir lagt stor vinn på at nye ord og uttrykk i språket skal vera med. NEL prøver å få fleire ungdommar til å læra esperanto, og då er det viktig at ord som rollerblades og rap (musikkarten) er med i ordboka.

Ordbokredaksjonen har også fått lov til å bruka ei omarbeidd utgåve av databasen som ligg til grunn for Bokmålsordboka (Universitetsforlaget), for å samanlikna dei to ordbøkene, og på den måten finna ord som manglar i den nye esperanto-ordboka. Til gjengjeld får redaksjonen for Bokmålsordboka ei liste over ord som manglar i deira ordbok.

Ei større utviding av materialet kan føra til ei forseinking av prosjektet. Det er derfor tenkt at berre dei viktigaste manglane som ein finn ved samanlikninga med Bokmålsordboka, kjem med i den fyrste elektroniske utgåva.

Omfanget av materialet blir endå tydelegare når ein nemner at kvart ord har 20 opplysningar om t.d. ordklasse og ev. fagkategori, i tillegg til sjølve omsetjingane og ordforklaringar. Alt dette må kontrollerast for at ordboka skal bli bra, og det er dette arbeidet ein no er godt i gang med.

Legatmidlar finansierer prosjektet

Utover 90-talet blei korrekturlesinga gjort på dugnad i GET, men ein kom til den erkjenninga at jobben var for stor til å gjerast berre på dugnad.

I tillegg såg ein at dugnadsarbeidet hadde ein del uheldige effektar, som t.d. inkonsekvensar og manglar som ville gå ut over kvaliteten på den nye ordboka. Ein trong med andre ord nokon som hadde oversyn over heile prosjektet og som kunne arbeida med det jamleg.

I 2001 blei derfor ein person engasjert til å arbeida med korrekturlesinga og koordinera ordbokarbeidet. Dette var mogleg takk vere støtte frå Uhlens legat til fremme for norsk esperantobevegelse. Det tyder likevel ikkje at dugnadstida er forbi. Framleis har trondheimsklubben jamlege dugnadsøkter for å lesa korrektur eller for å gjera redaksjonelle vurderingar.

Resultatet har vore ein ny giv i prosjektet, og dei siste åra har arbeidet gått så bra framover at ein etter kvart kan sjå den nye ordboka i enden av tunnelen. Håpet er at ei elektronisk norsk-esperanto ordbok er klar om ca. 3 år. Ordboka kjem òg til å bli utgjeven i papirutgåve, men det er uklart kva tid denne vil koma. Det er fyrst og fremst eit finansielt spørsmål i og med at opplaget truleg vil bli relativt lite.

I redaksjonsnemnda for Norsk-esperanto ordbok sit Herman Ranes, Kjell Heggvold Ullestad og Jardar Eggesbø Abrahamsen.

Dersom du vil vita meir om Norsk Esperanto-Forbund sitt ordbokprosjekt, kan du lesa ei prosjektskildring samt rapportar for arbeidet i 2002 og 2003 her.

Norsk |