jun. 22, 2026
Stabil drift og økonomi i balanse, men færre aktive enn ønskeleg – det kan vere konklusjonen frå årets landsmøte i esperantoforbundet, som fann stad digitalt 4. juni med eit titals medlemer og nokre gjestar til stades.
Ei viktig hending i 2025 var at foreiningslokalet Esperantonia i Oslo no er utleigt på dagtid, og fungerer som skrivestove for ei gruppe forfattarar. I samband med utleiga er det gjort eit stort arbeid med å rydde og oppgradere kontoret, som no framstår godt tenleg både for forbundet og leigetakarane.
Også i 2025 blei det gjennomført nettbasert nybyrjarkurs, og ei nettbasert konversasjonsgruppe møttest nesten kvar veke gjennom året.
Eit anna positivt nyhende er det nordiske samarbeidet initiert frå norsk side, med regelmessige nettmøte og betydeleg meir kontakt over landegrensene enn i dei seinaste åra.
På årsmøtet fekk styret fornya tillit, slik at det også etter landsmøtet består av Bård Hekland (leiar), Jardar E. Abrahamsen (nestleiar), Marianne Lund (sekretær), Claude Rouget (kasserar og redaktør for Norvega Esperantisto), Lars Sandbakk (styremedlem) og Harald Rygg (varamedlem).
Sjølve det formelle landsmøtet var unnagjort på ein god time, og etterpå hadde deltakarane gleda av å lære meir om Sahel-regionen og konfliktane der, framifrå presentert av FFI-forskar Vidar B. Skretting.
Båe møta var annonserte internasjonalt gjennom Eventa Servo, og særleg i føredragsdelen deltok fleire utanlandske gjestar.

Vidar Skretting baud på eit skikkeleg djupdykk i ein region som få av landsmøtedeltakarane kjende særleg frå før.

Bård Hekland er attvald som leiar i forbundet.
[Bård Hekland]
