Montevideo – 70 år etter

des. 8, 2024

10. desember er det 70 år sidan ein mellomstatleg organisasjon for første gong gav esperanto-rørsla ei form for offisiell anerkjenning. Staden var Montevideo i Uruguay, der UNESCO, FNs organisasjon for utdanning, vitskap og kultur, heldt si åttande hovudforsamling i 1954.

Vedtaket, som i ettertida er kjent som «Rezolucio de Montevideo» kom som etter fleire års arbeid frå det internasjonale esperantoforbundet UEA. I 1950 hadde UEA overlevert ein petisjon til FN underteikna av 900 000 einskildpersonar og meir enn 500 organisasjonar med til saman 15 millionar medlemer, for å ta esperanto meir i bruk. To år seinare gjekk den sveitsiske UNESCO-delegasjonen inn for å fremje eit forslag som programkomiteen for den komande hovudforsamlinga tok inn i dagsordenen i 1954. Og etter ei svært vellukka utstilling om esperanto i samband med hovudforsamlinga til UNESCO var det ein viss entusiasme for framlegget hos i alle fall nokre av delegasjonane. 

Meksiko la fram eit forslag som rådde medlemsstatane til å fremje bruken av esperanto «slik dei fann det passande». Mange delegasjonar oppfatta formuleringa som for radikal, og framlegget blei nedstemt. I esperanto-folkloren blei den store «skurken» i ettertid den danske representanten, som latterleggjorde framlegget og slo fast at esperanto kanskje kunne brukast i uruguajske menyar, men ikkje dugde for seriøse kulturføremål. Den meksikanske delegasjonen fremja eit mindre radikalt forslag, og på forsamlingas siste dag 10. desember 1954 blei dette framlegget vedteke, med 30 stemmer for, 5 mot og 17 avhaldande. 

Den vedtekne resolusjonen syner til korleis esperanto fører folk nærare kvarandre, og slår fast at desse resultata samsvarar med ideala og måla til UNESCO. Vidare ber ein om at statar som ønskjer å ta esperanto i bruk, held generaldirektøren underretta om resultata, og at generaldirektøren sjølv skal halde seg oppdatert på korleis esperanto blir nytta og samarbeide med UEA der organisasjonane har samanfallande interesser. 

Resolusjonen blei i samtida oppfatta som eit gjennombrot for esperantorørsla. Men kor viktig blei dette vedtaket på sikt? Her har ettertida gjeve svært ulike svar. Resolusjonen markerer den første internasjonale anerkjenninga av esperanto og det at språket og esperantorørsla bidreg til noko nyttig i verdssamfunnet. Samstundes korkje pålegg eller oppfordrar resolusjonen medlemsstatane til å ta esperanto i bruk. 

Like viktig som sjølve resolusjonen var nok at UNESCO samstundes gav UEA konsultativ status, det vil seie at dei to organisasjonane inngjekk ein offisiell relasjon. Gjennom å slutte seg til menneskerettane og FN-arbeidet fann UEA også ein balanse mellom nøytralitet og politisk engasjement. Og etter kvart som tanken om «alles andre språk» verka stadig mindre realistisk utover i etterkrigstida, blei koplinga mot språklege rettar og vern av språkmangfaldet ein viktig måte å oppretthalde ein viss politisk relevans. 

Lite tyder på at resolusjonen fekk mykje å seie for arbeidet til UNESCO. Berre éin gong, i Reykjavik i 1977, deltok UNESCOs generalsekretær på UEAs verdskongress, der han heldt tale under opninga. Men Montevideo fekk ein oppfølgjar: I Sofia i 1985 vedtok UNESCO ein resolusjon som gjekk hakket lenger enn Montevideo-resolusjonen. 1985-resolusjonen gratulerer med 100-årsjubileet, og oppfordrar medlemslanda til å markere jubileet og til å introdusere studieprogram om språkproblem og esperanto i skuleverk og høgare utdanning. Resolusjonen fekk ikkje så store følgjer i praksis, ut over ein del offisielle markeringar i jubileumsåret 1987. 

At UEA og UNESCO har offisielle relasjonar, har synleggjort UEA som ein seriøs organisasjon. Men denne statusen er heller ikkje veldig eksklusiv, UNESCO har pr. oktober 2024 tilsvarande relasjonar med 358 organisasjonar.

Den 10. desember 2024 markerer UEA, i samarbeid med Urugvaja Esperanto-Societo, 70-årsjubileet for Montevideo-resolusjonen med ein kombinert fysisk og digital konferanse. Dersom du forstår esperanto, kan du lese meir om arrangementet på https://eventaservo.org/e/Montevideo-70. 

Bård Hekland

[Bård Hekland]

Norsk | Esperanto
Montevideo – 70 år etter