Polen tek vare på esperanto-historia

jun. 3, 2024

Det polske nasjonalbiblioteket overtek ansvaret for store delar av biblioteket til Verdsesperantoforbundet UEA. Totalt er det snakk om meir enn 7 tonn med bøker, tidsskrift, postkort og anna arkivmateriale.

Den formelle overrekkinga fann stad for eit år sidan i desse dagar, den 29. mai 2023. Blant gjestene var m.a. Polens visestatsminister og kulturminister Piotr Gliński, som understreka at nasjonalbiblioteket no blir et senter for dokumentasjonen av Esperanto-rørsla.

Samlinga vil vere gratis tilgjengeleg frå måndag til fredag for alle interesserte. Planen er òg å digitalisere materialet og gjere det tilgjengeleg gjennom POLONA, det digitale polske biblioteket. For å ta hand om samlinga har nasjonalbiblioteket tilsett ein erfaren esperanto-talande bibliotekar, Gabriela Skonieczna, som vil ha ansvar for den vidare oppfølginga.

Fram til no har materialet vore i hovudkvarteret til UEA i Rotterdam. Dagens samling har røter heilt tilbake til det tidlege 1900-talet. Samlinga blei starta i det sveitsiske esperantoforbundet alt i 1902 og seinare kjøpt og vidareført av esperanto-pioneren Hector Hodler. Då Hodler døydde i 1920, arva UEA materialet som blei verande i Geneve fram til 1962. Etter at UEA flytta til Rotterdam, har samlinga halde til der og stadig blitt utvida med nye bøker og tidsskrift.

I 2022 bestemte UEA seg for å selje bygningen der biblioteket held til. Delar av samlinga blei overført til Det austerriske nasjonalbiblioteket. Men for store delar av samlinga var det uklart kva som ville skje. Avtalen med det polske nasjonalbiblioteket blei framforhandla vinteren 2023, m.a. av dei to tidlegare UEA-presidentane Mark Fettes og Humphrey Tonkin.

Ein viktig føresetnad var at samlinga framleis skal framstå samla, som «Biblioteket Hector Hodler». Viss det polske nasjonalbiblioteket ein gong i framtida vil seie frå seg delar av samlinga, vil UEA ha rett til å få tilbake eller bestemme kven som skal få materialet.

– Esperanto er ein del av den polske nasjonale arven, sa visestatsminister Gliński under overrekkinga, som la til at han håpa samlinga ville kome til nytte ikkje berre for spesialistar, men også for nye generasjonar av «vanlege» esperantobrukarar.

Det var i Warszawa den første læreboka i esperanto vart utgjeven i 1887.

[Kjelder: I hovudsak nettavisa Libera Folio, sjå her og her. Bilete: Det polske nasjonalbiblioteket, foto ved Witia, CC BY-SA 3.0 Deed.]

[BH]

Norsk | Esperanto
Polen tek vare på esperanto-historia