NJE etableringsmedlem av LNU

jun. 15, 2009

LNU (Landsorgansiasjonen for norske ungdomsorganisasjoner) er eit samarbeidsorgan for barne- og ungdomsorganisasjonar i Noreg. Dei er både eit interesseorgan for organisasjonane (jobbar mot staten), eit
kompetansesenter på barn og ungdom (hjelper oss), og eit forvaltingsorgan som deler ut stønad til medlemsorganisasjonane (gjev oss pengar).

På årets Barne- og ungdomsting, fredag 24. april, vart vi tekne opp som etableringsmedlem. Dette hende samrøystes – alle 49 organisasjonar som møtte vil ynskja oss velkomne. Mellom dei var såpass ulike lag som Det Kurdiske Ungdomsforbund i Norge, Frelsesarmeens Barn og Unge og Den Norske Turistforenings Ungdom. Så neste gong du møter ein av dei, kan du takka dei for hjelpa!

Etableringsmedlemskap er for små organisajonar i ein overgangsperiode føre dei kan verta fulle medlemer. NJE kan ikkje verta fullt medlem enno fordi vi har færre enn 300 medlemer og aktivitet i færre enn 4 fylke, og vi deler
medlemsregister med Norsk esperantoforbund. Når vi oppfyller desse måla ein gong i framtida kan vi søkja om fullt medlemskap.

Her og no tyder det at vi får kurs og annan hjelp frå LNU til organisasjonsdrift, lokallaga kan søkja pengar frå Frifondet, og vi får møta på Barne- og ungdomstinget (utan røysterett).

Leif Arne

Norsk | Esperanto