Statuttane for Norsk Esperanto-Forbund kan også lastast ned som PDF her.
skipa 27/1 1911
(med endringar vedtekne på landsmøta i 1993, 1999, 2005, 2011, 2022 og 2023)
Namnet til forbundet er Norvega Esperantista Ligo (NEL). På norsk: «Norsk Esperanto-Forbund». (I desse vedtektene ofte kalla «forbundet», på same måte som forbundsstyret blir kalla «styret».)
Forbundet er tilknytt den internasjonale organisasjonen av esperantistar, Universala Esperanto-Asocio (UEA).
Målet til forbundet er å utbreie og styrkje det internasjonale språket esperanto.
Gjennom internasjonalt samarbeid tek ein sikte på å få esperanto godteke som mellomfolkeleg kommunikasjons middel.
Forbundet er nøytralt i politiske og religiøse spørsmål. Unnatekne er språkproblema på internasjonalt plan.
Til å fremje målet til forbundet kan ein søkje samarbeid med kva person, institusjon
eller organisasjon som helst, berre den nøytrale stillinga til forbundet ikkje blir påverka av det.
Likevel kan forbundet vere med på arrangement og kampanjar som er i samsvar med den «indre ideen» til esperantorørsla: å fremje menneske verd og likestilling, fred, forbrødring og forståing mellom dei ulike folkeslaga i verda.
Eit grunnleggjande element i verksemda til forbundet er respekten for menneskerettane, slik dei er definerte i «Den internasjonale fråsegna om menneskerettane».
Forbundet er samansett av:
Ein melder seg inn gjennom ei foreining eller direkte til forbundet ved å betale årskontingenten eller summen for livsvarig medlemskap.
Æresmedlemmer blir valde av landsmøtet etter framlegg frå ein medlem eller ei foreining.
Framlegget må vere tilrådd av forbunds styret. Æresmedlemmer betaler ikkje kontingent, men har dei same rettane som vanleg medlemskap gir.
Ein medlem som ønskjer å melde seg ut av forbundet, må sende skriftleg melding om det. Ein medlem som ikkje har betalt kontingent innan utgangen av året, blir sett på som utmeld av forbundet.
Styret kan suspendere medlemmer som motarbeider det målet forbundet har sett seg. Vedtak om suspensjon og utelukking blir avgjort av det første landsmøtet. Det trengst 3/4 av dei avgitte stemmene.
Kontingentane blir generelt fastsette av landsmøtet. Dei gjeld frå og med det komande året.
For ungdomsmedlemmer blir det fastsett ein lågare kontingent.
Kontingenten omfattar abonnement på organet til forbundet. Dersom ein huslyd er på fleire medlemmer, blir forbundets organ sendt berre i eitt eksemplar til huslyden. Ein medlem av huslyden betaler full kontingent, dei andre betaler redusert kontingent.
Kasseraren for forbundet krev inn kontingenten for alle medlemmer. Lokalforeiningane som har avhalde årsmøte og sendt årsrapport til fobundet, får innan utgangen av året utbetalt frå forbundet ein nærare fastsett sum for kvar av sine medlemmer. Storleiken på denne summen vert fastsett av landsmøtet.
Foreiningar og medlemmer som melder seg inn i dei tre siste månadene av året, er fritekne for kontingent i innmeldingsåret. Føresetnaden er at dei straks betaler kontingent for det komande året.
For å opprette ei foreining må ho ha minst fem medlemmer. Dei vel leiar, kasserar og sekretær. Søknad om å bli oppteke i forbundet må sendast (til forbundet) saman med framlegg til vedtekter, medlemsliste og liste over styret.
Organisering og leiing av foreiningane er uavhengig av forbundsstyret, men vedtektene og arbeidet deira må vere i samsvar med vedtektene til forbundet.
Norvega Junularo Esperantista (NJE), på norsk: Norsk esperanto-ungdom, er ungdomsseksjonen til forbundet. Aldersgrensene er i samsvar med dei som til kvar tid gjeld for UEA.
Norsk esperanto-ungdom vel eige styre og fastset sine eigne vedtekter. Dei må vere i samsvar med forbundet sine vedtekter.
Ungdomsseksjonen skal arbeide for å spreie esperanto mellom ungdommen i Noreg.
Norsk esperanto-ungdom kan halde eigne møte og eige landsmøte.
Ved utgangen av kalenderåret skal seksjonen motta ein pengesum frå forbundet. Han skal vere på ein viss prosentdel av kontingenten til ungdomsmedlemmene. Landsmøtet avgjer prosentdelen etter tilråding frå forbundsstyret. Utbetalinga av støtte har som føresetnad at det har vorte avhalde landsmøte i inneverande eller føregåande år, og eit minimum av aktivitet.
Ein kan skipe fagseksjonar av Norsk esperantoforbund etter initiativ av ein eller fleire medlemmer eller av for bundsstyret.
Alle som soknar til faget, har rett til å vere medlem og har tilgjenge til møta i seksjonen.
Årsmelding skal sendast til forbunds styret.
Forbundet bør gi ein årleg stønad til sek sjonane. Dette skal forbundsstyret ta seg av.
Foreiningane skal sende rapport til for bundsstyret om tiltak m.v. som er planlagt eller påbyrja. Dette skal skje etter dei terminane som landsstyret vedtek.
Foreiningane skal sende årsmelding til forbundsstyret.
Einskildmedlemmer og foreiningar kan sende inn framlegg om tiltak eller endringar til forbundsstyret for drøfting.
Forbundsstyret skal sende referat frå styremøta til lokalforeiningane. Resymé over avgjerder og eventuelle opne spørs mål skal styret gjere kjent gjennom organet til forbundet.
Forbundsstyret skal be om vurdering frå medlemmmene før det tek avgjerd i viktige saker som kjem opp mellom lands møta.
a. Forbundsstyret er samansett av:
Om mogleg bør det veljast 2–3 varamedlemmer til styret.
Styret og varamedlemmene blir valde av landsmøtet for tidsrommet inntil neste landsmøte.
b. Arbeidsområdet til styret
Forbundsstyret held møte og tek opp aktuelle saker mellom landsmøta.
Styret er vedtaksført når minst fire av dei som har røysterett er til stades (mellom dei leiar eller nestleiar).
Styret er ansvarleg andsynes landsmøtet, som har høgste mynde i forbundet.
Styret skal lage dagsorden for landsmøtet, med innstilling i saker som har kome inn og som landsmøtet.skal take seg av.
Sekretæren fører protokoll over møta og er ansvarleg for at årsmeldinga(ne) til styret blir lagd(e) fram for årsmøtet.
Årsrekneskapen gjeld for kalender året. Kasseraren er ansvarleg for nøyaktig rekneskapsførsel og for at ein avslutta rekneskap med alle bilag kan bli lagt fram for styret og sendt over til revisorane innan 15. februar.
Revisjonsmeldinga skal vere styret i hende innan 15. mars.
a. Generelt
Om mogleg blir ordinært landsmøte halde kvart år og minst annakvart år. På lands møtet bør forbunds styret kome med fram legg til stad, og om mogleg tid for neste lands møte. Førebels program og på meldingsblankett skal vere medlem mene i hende minst to månader før møtet.
Minst ein månad før møtet skal ein gjere kjent dagsorden for lands møtet, hand lingsplan for tida til neste landsmøte og framlegg som har kome inn.
Ekstraordinært landsmøte blir kalla inn med minst ein månads varsel når for bundsstyret eller minst 15 medlemmer krev det.
b. Myndet til landsmøtet
Landsmøtet tek opp forbunds styrets års melding(ar), rekneskap, revisorane si(ne) melding(ar) sidan førre landsmøtet, inn komne fram legg, framlegg til endring i vedtek ter og handlingsplan fram til neste landsmøte.
Landsmøtet har øvste myndet.
Landsmøtet vel forbundsstyre, varamedlemmer til dette, revisor og valkomite på tre medlemmer. For at valet skal gjelde, krevst det absolutt fleirtal (minst 50 prosent av dei avgjevne stemmene). Dersom ingen av kandidatane har absolutt fleirtal, blir det fritt omval, og etter det, dersom det blir naudsynt, bunde omval mellom dei kandidatane som har flest røyster.
Alle val er skriftlege dersom minst ein medlem (som er til stades) krev det.
c. Representasjon
Alle frammøtte medlemmer, som har betalt kontingent for inneverande år, har rett til å røyste. Ein medlem, som tek del på landsmøtet, kan ha skriftleg fullmakt frå inntil fem andre medlemmer til å røyste for dei.
Slik skriftleg fullmakt om å røyste må vere styret i hende ved byrjinga av lands møtet.
Forbundsstyret peikar ut for ein treårs periode det talet på medlem mer til UEAs komité som det har rett til, og tilrår ein ¤efdelegito for UEA.
Når UEA lyser ut ßenerala vo¤dono, røyster forbundsstyret på vegner av forbundet. Informasjon om saker og ved tak som blir gjort, blir offentleggjort så snart som råd er, i organet til for bundet. Dei skal òg vere med i års meldinga.
Organet til forbundet er Norvega Esperantisto med norsk undertittel Esperantobladet. Redaktøren blir oppnemnd av forbundsstyret.
[fjerna 2011]
Biblioteket til forbundet står til rådvelde for medlemmene. Lånaren skal erstatte bøker som har kome bort. Bibliotekar blir utnemnd av forbunds styret.
Framlegg til endring av vedtektene, som skal handsamast på landsmøtet, må vere forbundsstyret i hende seinast 1. mars same år.
Endring i vedtektene kan berre skje på landsmøtet med 2/3 fleirtal.
Oppløysing av forbundet må skje på eitt - eller om mogleg to landsmøte på rad.
Vedtak om oppløysing krev 3/4 fleirtal. Ved vedtak om oppløysing skal lands møtet også vedta korleis ein skal nytte midlane til forbundet, slik at dei kjem esperantorørsla til gode.
Vedtektene til forbundet skal vere på dei to norske målformene og esperanto.
Bokmålsteksten er den grunnleggjande.