Esperanto-nytt 1/2004


Nøgde kursdeltakarar (f.v.): Philip Andreas Weisser, Ellen Sara Leine Bientie og Elisabeth Mogstad Rotevatn. (Foto: Leif Arne Storset.)

Fordi det er gøy!

På ein folkehøgskule i Oslo prøvde ein ungdom å snu kurstankegangen på hovudet.

Leif Arne Storset (20) i Norsk esperanto-ungdom har det siste året gått på Rønningen folkehøgskule på Kjelsås i Oslo. Folkehøgskulen har, som andre skular av slaget, eit engasjert, aktivt og samansveisa elevmiljø. Når språk kjem på dagsorden, oppdagar medelevane snart at det går ein esperantotalande på skulen.

Det merkelege fengjer

- Då eg fortalde om esperanto, var det mange som var nyfikne på dette merkelege språket, fortel Leif Arne. Etter kvart skjønte han at det kunne vera grunnlag nok til å starta eit lite språkkurs på skulen.

Sjansen baud seg då ei ny gruppe valfag starta opp i mars. Då sytte Leif Arne sjølv for at nettopp esperanto vart eit av tilboda, ved sida av fag som livstørst, volleyball og afrikanske trommer. Tre deltakarar melde seg på og gjennomførde kurset, som var oppbygd av seks leksjonar på 90 minutt kvar. Det var meint som eit «smakebitskurs», slik at det høvde for den korte tidsramma.

- Det var inspirerande å læra noko eg fekk til så fort, seier Elisabeth Rotevatn, ein av deltakarane på kurset, men legg til:

- Det var litt vanskeleg å skilja mellom dei ustemte og dei stemte konsonantane.

Kurs til folket

Leif Arne har tidlegare halde eit liknande småkurs på vinterleiren i 2003 i Norsk målungdom, og han meiner at dette er eit nyttig konsept i eit tid då folk helst vil ha smaksprøver før dei kjøper heile vara.

Den unge kurshaldaren har nytt godt av at han allereie kjende deltakarane personleg:

- Alle kjenner alle i eit folkehøgskulesamfunn. Alle visste kven eg var og kjente til språkinteressa mi, og då var det lett å tilby smaksprøver på denne måten. I staden for at folk kjem til kurset, kjem kurs til folket!

Det står att å sjå om deltakarane frå Rønningen faktisk vert med på dei vanlege kursa. Men Leif Arne er optimistisk.

- Smakebitskurset syner at ein ikkje treng veldig høgt nivå og streng struktur for å fengja folk; det viktige er å engasjera. Ikkje minst er det viktig å ha det gøy!



Noverande leiar i Stavanger Esperantoklubb er Lars Sandbakk.

Hundre år med esperanto i Stavanger

Stavanger Esperantoklubb har god grunn til å feira dette året. Ikkje berre hadde klubben sitt 10-årsjubileum den 3. mars, men det er i år 100 år sidan esperanto for fyrste gong blei undervist i byen.

Eit brev frå 1905 fortel at Nils Økland ved Bethaniastiftelsen heldt esperantokurs i Stavanger frå våren 1904, knapt 17 år etter at språket blei lansert i Polen. Han er dermed den fyrste «siddisen» me kjenner til som kunne esperanto.

Den fyrste av ei rekkje klubbar såg dagens lys alt i 1910, men sidan har det gått litt i berg- og dalbane. Interessa for esperanto var på sitt høgste i Stavanger, som elles i landet, på 1930- og 1950-talet. I begge desse periodane var det aktive esperantomiljø som fekk utanlandske kurshaldarar og føredragshaldarar til byen. Ein serie kurs av estaren Henrik Seppik i 1932 samla til dømes 225 deltakarar.

I dag er nok ikkje interessa rundt Stavanger Esperantoklubb like stor, men klubben kjem framleis saman ein gong i månaden. I fjor arrangerte klubben landstreffet til Norsk Esperanto-Forbund, der Karius og Baktus blei urframførd i arrangørklubben si eiga omsetjing.

KHU


Vikipedio -- leksikonet man lager selv

Det flerspråklige internettleksikonet Vikipedio/Wikipedia (wiki betyr «rask» på hawaisk) har nå 500 000 artikler på over 50 språk. Over halvparten er på andre språk enn engelsk og de vokser fortere enn de engelske, hvilket gjør prosjektet stadig mer internasjonalt. Ti språk har over 10 000 artikler, og blant disse er esperanto. 18 språk har mer enn 1000.

Vikipedio skiller seg ut fra vanlige leksika ved at det ikke er skrevet ferdig av eksperter, men bygges opp etter hvert ved at leserne selv skriver sine bidrag, eller retter på andres.

Esperantodelen finnes på adressen http://eo.wikipedia.org/wiki/Vikipedio


Ny norsk-esperanto ordbok undervegs

Av Kjell Heggvold Ullestad

Den siste norsk-esperanto ordboka kom ut i 1963 og har vore moden for avløysing i lang tid. No håpar Norsk Esperanto-Forbund (NEL) at ei ny elektronisk ordbok skal vera klar i løpet av ein treårsperiode. På sikt vil den nye ordboka òg koma ut i ei papirutgåve.

Det er NEL som er ansvarleg for dette prosjektet, men arbeidet er delegert til Trondheim Esperantoklubb (GET). Ved hjelp av legatmidlar har det vore mogleg å kjøpa fri ein person til å arbeida deltid med prosjektet.

Den nye ordboka blir omfangsrik med eit moderne ordforråd, såvel som nyttig fagterminologi. I alt er det nær 80 000 omsetjingar av ord og uttrykk i materialet

Lang veg

Vegen fram mot ei ny esperanto-ordbok har vore lang. Arbeidet har pågått i nær 20 år, men eigentleg starta historia om den nye ordboka endå tidlegare.

Norsk-esperanto ordbok frå 1963 blei utarbeidd av Erling Anker Haugen og Ragnvald Rian og blei utgjeven på Esperantoforlaget. Alt før ordboka kom ut tok Haugen til å samla ord og uttrykk han fann i esperanto-tidsskrift og annan litteratur, men som han og Rian ikkje hadde med i ordboka si. Desse noterte han sirleg på dei blanke sidene i ei spesialinnbunden utgåve. Dette arbeidet heldt han på med fram til han døydde, og resultatet var 24 000 handskrivne ord og uttrykk.

Haugen sin tanke var at desse notata skulle danna grunnlaget for ein seinare revisjon av ordboka, ein revisjon han tenkte å gjera sjølv. Men Haugen rakk aldri å gå i gang med revisjonen. I staden overrekte han materialet til ei gruppe unge eldsjeler i GET sist på 1980-talet. Dei gjekk i gang med arbeidet, som ikkje såg ut til å ha nokon ende, og bygde opp ein database på grunnlag av Haugen sine notat og innhaldet i ordboka frå 1963.

Stort materiale

I dag -- 15 år og eit utal dugnadstimar seinare -- har databasen nær 80 000 omsetjingar og kryssreferansar, og talet aukar stadig. Materialet har god dekning innan ei rekkje fagområde og det blir lagt stor vinn på at nye ord og uttrykk i språket skal vera med. NEL prøver å få fleire ungdommar til å læra esperanto, og då er det viktig at ord som rollerbladesog rap (musikkarten) er med i ordboka.

Ordbokredaksjonen har også fått lov til å bruka ei omarbeidd utgåve av databasen som ligg til grunn for Bokmålsordboka(Universitetsforlaget), for å samanlikna dei to ordbøkene, og på den måten finna ord som manglar i den nye esperanto-ordboka. Til gjengjeld får redaksjonen for Bokmålsordboka ei liste over ord som manglar i deira ordbok.

Ei større utviding av materialet kan føra til ei forseinking av prosjektet. Det er derfor tenkt at berre dei viktigaste manglane som ein finn ved samanlikninga med Bokmålsordboka, kjem med i den fyrste elektroniske utgåva.

Omfanget av materialet blir endå tydelegare når ein nemner at kvart ord har 20 opplysningar om t.d. ordklasse og ev. fagkategori, i tillegg til sjølve omsetjingane og ordforklaringar. Alt dette må kontrollerast for at ordboka skal bli bra, og det er dette arbeidet ein no er godt i gang med.

Legatmidlar finansierer prosjektet

Utover 90-talet blei korrekturlesinga gjort på dugnad i GET, men ein kom til den erkjenninga at jobben var for stor til å gjerast berre på dugnad.

I tillegg såg ein at dugnadsarbeidet hadde ein del uheldige effektar, som t.d. inkonsekvensar og manglar som ville gå ut over kvaliteten på den nye ordboka. Ein trong med andre ord nokon som hadde oversyn over heile prosjektet og som kunne arbeida med det jamleg.

I 2001 blei derfor ein person engasjert til å arbeida med korrekturlesinga og koordinera ordbokarbeidet. Dette var mogleg takk vere støtte frå Uhlens legat til fremme for norsk esperantobevegelse. Det tyder likevel ikkje at dugnadstida er forbi. Framleis har trondheimsklubben jamlege dugnadsøkter for å lesa korrektur eller for å gjera redaksjonelle vurderingar.

Resultatet har vore ein ny giv i prosjektet, og dei siste åra har arbeidet gått så bra framover at ein etter kvart kan sjå den nye ordboka i enden av tunnelen. Håpet er at ei elektronisk norsk-esperanto ordbok er klar om ca. 3 år. Ordboka kjem òg til å bli utgjeven i papirutgåve, men det er uklart kva tid denne vil koma. Det er fyrst og fremst eit finansielt spørsmål i og med at opplaget truleg vil bli relativt lite.

I redaksjonsnemnda for Norsk-esperanto ordbok sit Herman Ranes, Kjell Heggvold Ullestad og Jardar Eggesbø Abrahamsen.

Dersom du vil vita meir om Norsk Esperanto-Forbund sitt ordbokprosjekt, kan du lesa ei prosjektskildring samt rapportar for arbeidet i 2002 og 2003 på internett (www.esperanto.no/vortara_projekto).


  Sånn kan det sjå ut på ordboksmøta til GET.
T.v. ovanfrå og nedover: Herman Ranes og Jardar Eggesbø Abrahamsen; Anne Karin Bondhus og Torstein Kvakland; Judith Parelie Mortensen og Jardar E. Abrahamsen; Kjell Heggvoll Ullestad og Christian Fossen.
Under: Redaksjonsnemnda Jardar E. Abrahamsen, Herman Ranes og Kjell H. Ullestad.


Komité opprettet for prøvebruk av esperanto i EU

På et møte i EU-parlamentet i Brussel i desember ble det opprettet en komite for prøveinnføring av esperanto innenfor EU. Komiteen skal forberede et opplegg for et prøveprosjekt for skoler i EU-landene. Man tenker på aldersgruppen 14-18, over en periode på tre år.

Dette er i tråd med Unesco-resolusjonen fra 1985, da FNs medlemsland bl.a. ble oppfordret til å få esperanto inn i undervisningsplanene for skoler og universiteter.

På møtet i Brussel deltok 400 delegater fra 25 land, hvorav ca. 50 var esperantorepresentanter. Det foregikk delvis på esperanto, med simultanoversettelser, og dette er første gang i Europaparlamentets historie at det har skjedd tolking til og fra esperanto der.


Eventyrlystne til Russland

Per 27. mai er det fem eventyrlystne nordmenn som har meldt seg på det internasjonale ungdoms-esperantotreffet (IJK), som finner sted utenfor Kovrov i Russland, 10.-17. juli. IJK har tradisjonelt vært mellom de mer intime og uformelle treffene, vanligvis med rundt et halvt tusen deltakere fra de fleste verdensdeler. Programmet består av musikk, kultur og sosiale aktiviteter, så det blir god anledning til å stifte nye og spennende bekjentskaper. Før IJK blir det et spesielt kurs for nybegynnere, så alle har her muligheten til å bli med, uavhengig av språklige forkunnskaper. For mer informasjon, sehttp://www.tejo.org/ijk (på esperanto) eller kontakt nje@esperanto.no (på norsk).


Praktisk i næringslivet

Esperanto er i lite omfang tatt i bruk i næringslivet, men det katalanske firmaet ABC-pack viser at det ligger gode muligheter her. Dette rapporterer bladet Kataluna Esperantisto. Firmaet selger alle slags kasser, kartonger, kofferter og annen emballasje til et internasjonalt klientell. De søker kunder i land hvor engelsk ikke er særlig utbredt.

En stor del av de utenlandske kontaktene bruker esperanto, som derfor er et av språkene som benyttes på firmaets internettsider, med alle de tekniske detaljene (www.abc-pack.com/eo). Dessuten brukes gjerne esperanto i tverrforbindelsene, f. eks. når en iraner stiller et spørsmål til en produsent i Israel. Også informasjon om nye produkter blir formidlet på esperanto fra produsenten til det sentrale kontoret og derfra ut til distributørene over hele verden, hvor opplysningene oversettes til lokalspråket.

Erfaringen er at dette går raskt og effektivt. Informasjon om et nytt produkt hvor som helst i verden når ut til alle på under en uke.

Det skal til neste år settes i gang et lignende apparat for salg av frukt. Det planlegges også noe tilsvarende for salg av leksika.


Det har jeg lurt på

Hvilken nytte har esperanto på reiser?

Av Kjell Heggvold Ullestad

Esperantobrukerne er godt organisert, slik at de er lette å finne. En globetrotter kan derfor ha stor glede av esperanto.

Størst glede vil nok den reisende ha av overnattingstjenesten Pasporta Servo, som er ei liste over esperantobrukere som tilbyr gratis overnatting til andre som bruker esperanto. Noen verter strekker seg også langt i å vise gjestene rundt, uten å være forplikta til det. Uansett er Pasporta Servo en unik mulighet til å bli kjent med land og folk utenfor turistløypene. I 2004-utgaven av Pasporta Servo er det 1286 verter i 79 land over hele verden, og det kreves ikke noe medlemskap for å bruke tjenesten.

Det er også verdt å nevne nettverket Delegita Reto. Dette er ei liste over esperantobrukere over hele verden som stiller sin lokal- eller fagkunnskap til disposisjon for andre som bruker esperanto. Jeg har selv hatt stor glede av dette nettverket når turistkontoret har svikta. I den siste utgaven av Delegita Reto, som er åpent for medlemmer av Det internasjonale esperantoforbundet, var det ca. 1900 kontaktpersoner i 90 land.

Det er selvsagt ingen plikt for en som kan esperanto å være oppført i Pasporta Servo eller Delegita Reto. Man må selv melde seg aktivt inn, og de som velger å være verter i Pasporta Servo setter selv begrensningene mht. hvor mange gjester som kan bli hvor lenge osv.

LURER DU På NOE?
Skriv til sporsmal@esperanto.no


- Et sprog på lige fod med nationalsprog og dialekter

I Danmark kan man nå gi gaver skattefritt til Esperantoforeningens husfond, etter at Ligningsrådet har anerkjent esperanto:

Det er Told- og Skattestyrelsens opfattelse, at esperanto anses som et sprog på lige fod mednationalsprog og dialekter og dermed kan kommer en videre kreds af personer til gode som en alternativ kommunikationsform mellem personer af forskellige nationaliteter og sprog. Erhvervelse af en ejendom, hvorfra der kan udøves informationsaktivitet og fremme af brugen af sproget, må derfor anses for et kulturelt formål af almennyttig karakter.

Her i Norge arbeides det med å få gaver til Norsk Esperanto-Forbund godkjent som fradragsberettiget.


Visste du at...

Universitetsstudier

I Kina kan du studere esperanto ved 18 universitetet. Det er 5 offisielle kurs ved universiteter i Tyskland og i USA, 4 i Russland, 3 i Litauen, Polen og Østerrike, 2 i Costa Rica, Japan, Spania, Sør-Korea, Tsjekkia og Ungarn og 1 i Belgia, Brasil, Bulgaria, Israel, Italia, Mexico, Nederland, Slovakia, Sverige og Usbekistan.

Le Monde de l'Espéranto

Jubileumssymposium i Wien

I oktober i år arrangerer Østerrikes nasjonalbibliotek et symposium i anledning to jubileer: Det er 75 år siden det internasjonale esperantomuseet i Wien ble innlemmet i det østerrikske nasjonalbiblioteket. Samtidig er det 100 år siden Lidia Zamenhof ble født. Lidia Zamenhof var datter til Ludwik Zamenhof, som grunnla esperanto. Hun var i sin tid en kjent foredragsholder og esperantolærer.

«Lingvo»

Årlige litteraturpriser

Hvert år tildeler det internasjonale esperantoforbundet (UEA) priser for esperantoverker innenfor kategoriene poesi, prosa, essay, drama, sang og video. Denne tradisjon går tilbake til tiden rundt 1950. Da ble det tildelt premier for oversatte verker. I dag premieres kun verker som er skrevet originalt på esperanto.

Hvis man lister opp tildelingene etter land, er det Storbritannia som utmerker seg med suveret flest premier. Bidragene har kommet både fra England og Skottland. På 2. og 3. plass kommer Ungarn og Italia.

Brazila Esperantisto

 


Sei det på esperanto

Gratulon! Via hotelo havas la plej grandajn pulojn en la tuta Eŭropo!

Gratulerer! Hotellet Dykkar har dei største loppene i heile Europa!

(Uttale: graTOlån! via håTElå HAvas la plej GRANdajn POlåjn en la TOta euRÅpå!)

Norsk |