Arv etter Ester Olsen

des. 9, 2023

Ester Olsen frå Korgen var i mange år aktiv i esperanto-miljøet i Noreg og Sverige. Då ho døydde i 2022, etterlét ho delar av arven sin til dei norske og svenske esperantoforbunda.

Gjennom fleire tiår deltok Ester Olsen i esperantorrørsla nasjonalt og internasjonalt. Ester, som var medlem i Norsk Esperanto-Forbund sidan 1987, var m.a. involvert i arbeidet med med ei ny norsk-esperanto-ordbok, ho var vara til styret i Esperantoforlaget og vara til styret i Uhlens legat.

På midten av 1990-talet studerte Ester på semesterkurset i esperanto ved Karlskoga Folkhögskola under leiing av Lars Forsman. Der møtte ho Roland Larsson frå Stockholm, som ho hadde tett kontakt med i mange år. Dei reiste mykje saman med overnattingstenesta Pasporta Servo, og budde til tider hos kvarandre i Korgen og Stockholm.

Dei siste leveåra budde Ester på ein sjukeheim i heimbygda. Ester hadde ikkje livsarvingar, og ho testamenterte ein tredel kvar av arven til Norsk Esperanto-Forbund, Svenska Esperantoförbundet og heimetenesta i Korgen.

Dei nasjonale esperantoforbunda fekk i underkant av 200 000 kroner kvar, og pengane vil bli nytta til aktivitetar som fremjar språket i dei to landa.

Norsk Esperanto-Forbund er takksam for alle bidraga Ester Olsen gav rørsla vår gjennom alle desse åra.

(Foto: Roland Larsson)

[Bård Hekland]

Norsk | Esperanto
Arv etter Ester Olsen