La espero

Esperanto-flagg

Alle gamle organisasjonar med ei pompøs fortid og opphav på 1800-talet har eit flagg. Esperanto-flagget er grønt (håpets farge), og har ei stjerne med fem taggar for dei fem verdsdelane.

Dagens utgåve av fenomenet «flagg» heiter «grafisk profil», og dei to motståande E-ane i toppgrafikken på desse sidene er jubileumssymbolet frå 1987, av og til omtalt som «melonen». Melonen er ein meir moderne logo, og har overteke for flagget på mange felt. I toppgrafikken har vi lagt til den grøne stjerna for tradisjonen si skuld.

«La espero» (Håpet) er eit dikt av L.L. Zamenhof. Det har vorte tonesett fleire gonger, men saman med melodien av Félicien Menu de Ménil fungerer det som hymne for esperantorørsla. Teksten er noko gammaldags og pompøs etter dagens standard, eit fenomen vi kjenner att frå mange ideologiske songar frå 1800-talet. Det næraste vi kan samanlikne «La espero» med, er kanskje den olympiske hymnen.

Medan nasjonalsongar gjerne vil framheve eitt land, skildrar «La espero» ein tilstand av fred, forbrødring og kjærleik mellom alle folkeslag. Sjølv om det omsungne målet i ytste konsekvens er ein utopisk tilstand, vil nok mange esperantobrukarar (og anna folk) også i dag ha sansen for dei tankane som ligg til grunn for teksten. Fred, forbrødring og kjærleik er allmennmenneskelege verdiar. Men i praktisk sentrum for mange i dag står kanskje ein enklare ideologi: å ha det kjekt saman og verte kjende med kvarandre. Då får vi eit element av fred og forbrødring gratis med på kjøpet.

I praksis vert songen i dag avsungen nesten berre under den den mest tradisjonsbundne delen av opnings- og avsluttingsseremoniane på den årlege verdskongressen til det internasjonale esperatoforbundet. Videoen under er frå eit anna arrangement, nemleg frå ein konsert med kvartetten Sinkopo (Youtube-kanal) under den spanske esperantokongressen i 2011.



La espero

En la mondon venis nova sento,
tra la mondo iras forta voko;
per flugiloj de facila vento
nun de loko flugu ĝi al loko.
Ne al glavo sangon soifanta
ĝi la homan tiras familion:
Al la mond' eterne militanta
ĝi promesas sanktan harmonion.

Sub la sankta signo de l' Espero
kolektiĝas pacaj batalantoj,
kaj rapide kreskas la afero
per laboro de la esperantoj.
Forte staras muroj de miljaroj
inter la popoloj dividitaj,
sed dissaltos la obstinaj baroj,
per la Sankta Amo disbatitaj.

Sur neŭtrala lingva fundamento,
komprenante unu la alian,
la popoloj faros en konsento
unu grandan rondon familian.
Nia diligenta kolegaro
en laboro paca ne laciĝos,
ĝis la bela sonĝo de l' homaro
por eterna ben' efektiviĝos.

 

Håpet (direkte omsetjing)

Inn i verda har det kome ei ny kjensle,
gjennom verda fer eit sterkt kall;
med vengene til ein lett vind
lat det no flyge frå stad til stad.
Ikkje til sverdet som tyrstar etter blod,
trekkjer det menneskefamilien:
Til den evig krigande verda
lover det heilag fredsemd.

Under Håpets heilage teikn
samlar dei fredsame kjemparane seg,
og snøgt veks saka
gjennom arbeidet til håparane.
Sterkt står tusenårs murar
mellom dei åtskilde folka,
men dei sta stengsla skal rykkjast bort,
slegne sunde av den Heilage Kjærleiken.

På nøytralt språkleg grunnlag,
der dei forstår kvarandre,
skal folka i semje danne
éin stor familie.
Vår flittige kollegaskare
trøytnar ikkje i arbeidet for fredsemd,
før den vakre draumen til menneskeætta
til evig velsigning vert røyndom.

Norsk | Esperanto