Alle gamle organisasjonar med ei pompøs fortid og opphav på 1800-talet har eit flagg. Esperanto-flagget er grønt (håpets farge), og har ei stjerne med fem taggar for dei fem verdsdelane.
Dagens utgåve av fenomenet «flagg» heiter «grafisk profil», og dei to motståande E-ane i toppgrafikken på desse sidene er jubileumssymbolet frå 1987, av og til omtalt som «melonen». Melonen er ein meir moderne logo, og har overteke for flagget på mange felt. I toppgrafikken har vi lagt til den grøne stjerna for tradisjonen si skuld.
«La espero» (Håpet) er eit dikt av L.L. Zamenhof. Det har vorte tonesett fleire gonger, men saman med melodien av Félicien Menu de Ménil fungerer det som hymne for esperantorørsla. Teksten er kanskje noko gammaldags og pompøs etter dagens standard, eit fenomen vi kjenner att frå mange ideologiske songar frå 1800-talet. Det næraste vi kan samanlikne «La espero» med, er kanskje den olympiske hymnen.
Medan nasjonalsongar gjerne vil framheve eitt land, skildrar «La espero» ein tilstand av fred, forbrødring og kjærleik mellom alle folkeslag. Sjølv om det omsungne målet i ytste konsekvens er ein utopisk tilstand, vil nok mange esperantobrukarar (og anna folk) også i dag ha sansen for dei tankane som ligg til grunn for teksten. Fred, forbrødring og kjærleik er allmennmenneskelege verdiar. Men i praktisk sentrum for mange i dag står kanskje ein enklare ideologi: å ha det kjekt saman og verte kjende med kvarandre. Då får vi eit element av fred og forbrødring gratis med på kjøpet.
Songen vert i praksis avsungen slik som ein i andre samanhengar kunne brukt ein nasjonalsong eller rørslesongar, til dømes under den den mest tradisjonsbundne delen av opnings- og avsluttingsseremoniane på den årlege verdskongressen til det internasjonale esperatoforbundet. Videoen under er frå ein konsert med kvartetten Sinkopo (Youtube-kanal) under den spanske esperantokongressen i 2011.
La esperoEn la mondon venis nova sento, |
Håpet (direkte omsetjing)Inn i verda har det kome ei ny kjensle, |